Eg vil ikkje påstå at det berre er fiaskoar i kjølvatnet av ei p.t. singel sjel, men midt i balansering langs ein knivsegg mellom denne tilstanden og iallfall tanken på eit alternativ innser ein såklart ein del goder ved livet her og no og det å ha fiaskoar å meddele.
For kva med dette fellesskapet mellom single sjeler? Kva med alle samtalar og raudvinsflasker som ein opnar i stearinlys i ei leilegheit som finansierer andre sine huslån, raudvin som skyller ned den eine mislykka date'n etter den andre... Mislykka date javel, men til god underhaldning og latter for andre, om ikkje anna. Med maskara i panna og hår som ikkje ligg slik det låg då ein sjekka seg for siste gong i spegelen før ein la på sprang ut døra. Med billettar til hardkokt amerikansk action utan ei drivande kjärleikshistorie i bakgrunnen, i frykt for å sende ut for sterke signal for tidleg i forholdet... Der ein oppdagar at ein har fått billettar i luksussalen med ekstra breie seter og bord mellom seta til å sette frå seg gratis kaffi. Ein drit no vel i gratis kaffi om det ikkje eingong er vits i å vurdere om det er rom for å legge hovudet sitt umerkeleg på den andre si skulder!!!
Det er ikkje til å kome forbi, det er liksom oss mot resten av verda. Vi passar ikkje inn. Vi kan ikkje delast på to. Ingen porselensservice blir selde i sett på sju. Det er sett på seks. Eller på åtte. Enten tek du med kjæresten din, eller så kjem du ikkje. To fire seks åtte ti. Vi har ikkje råd til å kjøpe oss ein normal stad å bu, for vi er ikkje to. Eit hus med hage kan vi berre drøyme om. Den einaste staden vi vinn fram på bustadmarknaden er under bolig til leie - passer for enslig og rolig person. Vi lyg på visning og seier vi har få festglade vener. Vi håpar iallfall at det er løgn, og at nokon vil dukke opp med ei vinflaske neste helg likevel.
Han fekk ikkje mailen. I tilfelle det er ein fiasko er den likevel av den seige typen. For det er klart at etter eit slikt godt første møte kan ein ikkje gje seg berre med ein epost ein aldri får noko svar på. Strida i sola gir seg ikkje med ein epost. Dei fleste teikn tyder likevel på at dette vil ta tid, ting må synke inn, lage seg eit rom, finne ei form, og så kanskje, kanskje er det rom for meir kaffi. I mellomtida har ein litt tid på seg til å opne nokre fleire flasker og fortelje så lite sjølvhøgtidleg som ein greier om den siste date'n, og kor langt ein av og til strekk seg for å få til slike gode møte, til latter og underhaldning frå sitt trufaste publikum. Det er fint med litt balansegang.
Hva med daten man ble dumpa etter 34 minutter, en halv Farris? Folk må da kunne drikke øl på date?? Hjelpes! Så får man klare seg uten: jeg drikker meg heller full på portvin med deg :)
SvarSlettForresten: den standhaftige vinner en sjelden gang igjennom til slutt. Go girl!!
SvarSlettSå ble det ikke bare en sur skvett... HURRA!
SvarSlettKom til meg og drikk portvin! Eller raudvin! Økologisk, og god, ikkje minst... Eg seier det berre, lenge leve standhaftismen! Og so får ein jo berre ta ein dag om gongen, langs knivseggen... God fisking vidare...;-)
SvarSlettHar på fölelse att det är likeför att vi sitter där allesammen och ser tillbaka på denna lyckliga singeltiden i ett rosa glömskans skimmer... Men kanske kommer vi oss av denne knivseggen, bara för att finne ut att - ja, det var nu i alla fall litt spännande här i ovetandets land?
SvarSlettSå, låt oss nyte det innan vi mister det! [Eller låt oss i vart fall klare att tömme portvinsflaskorna före de går ut på dato...]
Kom snart nordöver igen! :)
Far man lov att komma och dricka portvin även om man är tva...?
SvarSlettkramis e
Å drikke seg drita på portvin er forbeholdt oss single, du får tross alt pult ;)
SvarSlettFor å sei da sånn. Om eg e på den eine eller den andre sida av knivseggen: eg kjem ALDRI til å slutte å drikke portvin!
SvarSlettDet höres förnuftig ut!
SvarSlettKnallfine foto du har lagt ut på flickr!!!:-)
SvarSlettTakk:-) Vil gjerne vere flickrvenen din;-)
SvarSlett