Med dette ei oppmuntring til ein julehandel utan stress og mas, med større fokus på å gje gåver i form av tid og gode opplevingar, som varm kakao og appelsiner på tur med gode vener, på Fløyen eller Solastranda - eller rett og slett gje ei gåve til nokon du ikkje kjenner i det heile!
Her er nokre lenkjer som kan vise veg....:
http://www.gaversomforandrerverden.no/home/default.aspx
http://www.tanketing.no/
http://www.gronnhverdag.no/artikkel.php?artikkelid=2920
...og om du veit om fleire så legg dei gjerne inn!
Veldig godt juletips! Eg er så samd, så samd. No er det laurdag, og det tyder at det er livsfarleg å dra inn til Oslo sentrum for å kjøpa trekk/omslag til den nye macen min. Laurdag rett før jul i Oslo er UUTHALDELEG! Alle stressar og kavar rundt, det er kø, heitt, julesongar på alt for høgt volum overalt, alle vil vi skal kjøpa og kjøpa...
SvarSlettJulegåvetips: i dag las eg i A-magasinet om nokon som lagar smakfulle gåver som dei gjev på glas. Det kunne vera appelsinmarmelade, mysliblanding, italienske kjeks...Det har eg sansen for. Mat må ein jo ha:-)
Eg har LAGA noko til deg i år, strida, og det noko eg har lova deg lenge. Du spurte om å få denne gjenstanden for ei tid tilbake, og eg har ikkje innfridd lovnaden før no...;-)
Åj!! No var eg veldig nyfiken!! :-)
SvarSlettjulegåveproduksjonen min i helga går forhåpentlegvis under "smakfulle gåver på glas" - eller iallfall i heimelaga øskjer!
...elles håpar eg favorittfargen din er grønt, framleis;-)