Ofte er det lett å miste litt grep her i livet. Lite handfaste ting rundt ein og slikt. I andre sine auge, men likevel gjerne mest i sine eigne, manglar ein det meste av det som er rekna som aksepterte omgivelsar. Slik som ein skikkeleg stad å bu. Ein litt betre bil. Slik at ein slepp reise 1000vis av kilometer med tog berre for å ta ein kaffi.
For ein manglar kanskje nokon som synest ein er fin uansett kva kjole ein tek på seg. Som synest den andre kjolen er fin også. Som tek den tyngste sekken på fjelltur. Som kjem stolt gjennom skogen med den største kronhjort ein kan tenkje seg. Som slenger hjorten i bordet og seier at no har vi mat heilt fram til jul. Som bergar oss.
TIl mi store glede datt ein slik handfast sak rett i fanget mitt sist sommar. Og for ein sommarflørt det vart!! Og ikkje berre ein flørt, nei det vart nesten lidenskapeleg. Eg kom heim om kvelden, henta ein kald pils til oss, og sette meg ned i vinduskarmen saman med vidunderet. Eller dansa rundt i leilegheita i eit fast grep. Vals. Polka. Reinlender. Kanskje til og med noko som kunne minne om springleik. For folkemusikken tok oss, ingen tvil om det.
No har vi blitt litt meir van med kvarandre vi to. Drøymer om ein irsk rytme. Eller skotsk. Det har rett og slett blitt alvor av oss. Kven skulle trudd det; no er vi saman både i tide og utide. Heilt til naboane synest det blir for mykje lyd. Då må eg berre skyve han litt unna. Men slik er det vel i dei fleste forhold.
Så om du ikkje seier det til meg direkte, at eg er fin same kva kjole eg har på meg, så er eg sikker på du meiner det. Eg drit iallfall i at det er eg som må bere den tyngste sekken, du min kjære torader;-)
hej vännen!
SvarSlettDu lurade mig nästan...men bara nästan...
kram från Elin och Grenoble
gøy!
SvarSlettja nei ein veit aldri kva veg hjartet kan ta;-)
Stor klem til deg og!