Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

22. mars 2013

Ta tida tilbake

Det har vore ein kald vinter og kroppen ha frose til is dei gongane eg ha prøvd å sykle til jobben. Det er ikkje glatt ein gong, tørre fine vegar utan is, men den helsikes kulden gjer at eg orkar ikkje, orkar ikkje anna enn å snike meg så umerkeleg eg kan avgårde med bussen i staden. Støkk i den same køa som bilane kan bussen vere ein prøvelse, bråstans midt i rundkjøringar for bilar som kastar hestane sine framfor oss, fullt av studentar og barnevogner og såvidt plass lengst bak.

Oppdrag mars: Korleis gjere denne tida av mitt liv verdifull? Korleis vri dette som folk flest i denne byen mislikar så sterkt, å reise kollektivt, til noko som faktisk kan vere med å berike kvardagen? Om morgonen brukar eg no bittelitt ekstra tid på å hive både bøker og musikk i veska, ei heklenål og ein trådstump, ei avis eg ikkje ha fått lese, ja alt for å avleie ubehaget ved å ikkje kunne sette seg inn i sin eigen bil.

Og eigentleg er det mykje god underhaldning i det å berre betrakte verda rundt, bilar, folk inne i bilar, folk på bussen, dei mest iherdige syklistane utanfor. For brått her ein dag vart det altså slik at eg satt ikkje lenge nok på bussen. Det er rett og slett for kort å reise til jobben min med buss. Eg får ikkje lese ut kapittelet. Eller høyrt ferdig den fine songen. Heller ikkje skrive denne teksten heilt ferdig. Der ser du!

23. feb. 2013

Front di frykt!

Februar, framleis kaldt ute og inne: dette forbaska presentasjonshelvete og alt det medfører. Eg må innrømme det til tide har vore både ille og altoppslukande, og at eg som konsekvens av dette har grine meg til meir enn eitt kurs i presentasjonsteknikk for å prøve å få orden på muntlig formidling.

Kamera har surra og gått og eg har presentert meg flåsete, usikkert, flakka med augene utan å vere klar over det, gløymt å ta med kor eg jobbar,kvifor eg er der, stått med tomlane i lomma fordi det gjer meg trygg og med heile meg gjort mitt beste for å undergrave ein eventuelt bodskap. Eg har sett meg sjølv på filmen etterpå, evaluert og analysert og konkludert med at det absolutt er ein bodskap der, men at ingen høyrer den. Enten fordi dei ser tomlane i lommane og tenkjer det er betre å teikne krusedullar på eit ark, eller fordi dei rett og slett ikkje høyrer den svake stemma med den utydelege vestlandsdialekten som svelgjer orda før dei har kome ut.

For brått merkar du at lysarka i presentasjonen bak deg kjem i feil rekkefølgje, setningane blir meiningslause, for mange, du finn ikkje på noko å sei mellom dei viktigaste poenga som står der og lyser mot publikum. Du seier eh, ja, og klikkar vidare til neste lysark berre for å oppdage at det repeterer noko av det same du allereie har prøvd å seie, og du rekk sjå deg sjølv utanfrå og tenkje at dette, dette kjem eg berre aldri gjennom, og no har dei gjennomskua meg, eg kan eigentleg altfor lite om dette temaet til å stå her framme og late som det er den naturlegaste sak i verda!

Framfor mitt største publikum, eg trur kanskje det var 200 stykker, fekk eg på meg eit slikt headsett som skal gjere alt lettare for presentøren, slik at ein kan gå fritt rundt på scena utan å blåse i mikrofonen og få tilhøyrarane til å vri seg av medynk. Eg hørte den sjelvande stemma i høgtalarane bak meg og tenkte at dette, dette går berre ikkje! Eit spegelbilde viste hender med tomlane i lomma og hår som stakk ut av headsettet til alle ukontrollerte kantar, og eg rakk å tenke at kva gjer eg verkeleg her!? Kva skal eg gjere no!? Fortvila landa eg i mitt stille sinn på at det var nok verre å få headsettet laust frå det flokete håret og springe av scenen utan å snuble, enn å klikke for å få fram det første lysarket, så det fekk berre stå til. Face your fears, front dine frykter, liksom. Kjære publikum, tusen takk for invitasjonen hit idag!

For kva er det eigentleg som er så ille med å halde ein presentasjon. Kva er det som er så ille med å sette ei ramme for ein halvtime eller time framover i tid, forklare kven du er, kva du held på med, og kvifor du er der du er, kvifor dei som sit framfor deg skal finne det verdt å høyre på det du fortel? Kva er det som er så ille med å få i gang ein diskusjon i etterkant som gjerne endar opp med at du sjølv blir inspirert til å halde fram med arbeidet og kvardagens slit. Og den kjensla når du faktisk har klart å ro ein presentasjon i hamn, 'end of presentation' på svart skjerm bak deg og du sender eit vakent blikk ut i publikum som inviterer til spørsmål og tilbakemeldingar, diskusjon og gjerne ein applaus som avrundar det heile...

Og om det så ikkje går så bra ein gong eller to, kva gjer det vel eigentleg i den store samanhengen? Der og då, ja, men sveittmerke under armane, stotrande stemme og ark til alle kantar, jau, kipt, men så? Kvifor øydelegge den gode konferanselunsjen i forkant av at det er ditt namn som står først på lista over dei som skal halde innlegg etterpå, er det verkeleg verdt det!?


Nei, det er helg, fint ute og på tide å rive seg laus, kome seg ut i den verkelege verda og sjå opp og fram!

3. feb. 2013

Eg vel meg januar

Nokon gjekk hardt ut nyttårsaftan: kva med å treffe ein ny mann for kvar månad som går!? Ja, la 2013 bli det store dating-året! Det må jo vere nokon der ute! Ja, det er på tide å kome seg ut av bobla, møte nye folk, opne opp og la seg kaste uti!

Langsmed strategibygginga kryp temperaturen nedover og gir vestlandsbyen minusgrader i mengder ein ikkje hugsar. Isen på vatna blir tjukkare og tjukkare og snart melder kommunen at det er trygt utpå. Skal 2013 bli nok eit år der eg skuldar på at eg var for seint ute til å skaffe skeisser? Og i ein skjult bisetning legg til at vi gjekk eigentleg aldri på skeisser der eg vaks opp?

Ei venninne med både hockeyskeisser og kunstløpskeisser gjennom oppveksten blir med inn på Sporten og ser etter ei løysing. Rundt meg blir skeissepar etter skeissepar rive vekk av ivrige hender i alle alderar. Det er berre å finne rett storleik og slå til!

Neste dag ligg eg så lenge som mulig. Joda, har avtalt ein tur ut, jaudå, eg kjører. Merkar alt eg gjer går seint, velte seg ut av senga, slepe seg ut på badet, motvillige rørsler, koke kaffi, smøre mat, pakke, eg somlar!! Men eg har jo aldri stått på skeisser før! Og ute er det ein fantastisk dag: På og langs vatnet yrar det av små og store folk med skarpe kantar under skoa. Bilar er parkerte overalt og ein kjenner at i dag er ein slik dag der ein kan parkere nesten kor som helst.

Å bli dradd rundt med skarpe kantar under beina er noko heilt nytt og eg hyler. Eg skulle gjerne hatt ein bruskasse å skyve på, men ingen er store nok, og eg klarer meg ikkje sjøl så eg må ta til takke med ein hjelpsom arm og eg brukar ei evigheit berre på å kome meg på beina. Men eg står. Eg står faktisk. Snart går eg også. Og det går ikkje lang tid før eg gjer meg til når kamera kjem fram.


Neste dag ny tur. Nytt vatn. Og dagen etter. Endå fleire vatn. Suser avgårde over vatna, svevar nesten. Kven skulle trudd det! Utropsteikna frå nyttårsaftan har lagt seg. Mørkt og måneskin og der eg går under stjernene har eg straks justert målet for 2013. Ikkje nødvendigvis ein ny mann for kvar månad. Nei, i januar bytter eg daten ut med skeisser altså, og tenkjer at nyttårsforsettet kan mykje heller vere å gjere ei ny greie for kvar månad. Og no er det februar, ny månad, med fleire kandidatar på trappene.

Framhald følgjer!

11. juni 2012

Hopp!

Stå på kanten
sjå utover
sjå ned

Kribling i beina i det ein held tilbake
- no kunne eg ha hoppa

ser dei det, dei andre? eg kunne ha hoppa!

Vind bles vekk varmen i sola og hevar terskelen for å prøve på ny

Å! kvifor vente! gåsehud!

Brått stilnar vinden
- det er no det gjeld

Stå på kanten
sjå utover
sjå fram


1. apr. 2012

Heim

Skriblar ein på same måte på ein PC som på eit ark?  Flyt tankane likt om dei flyt langs eit pennestrøk eller ut gjennom tastande fingertuppar? Eg prøver halde tråden i nokre halvvegs lure formuleringar, klart til å skrible ned når eg berre kjem meg ombord, men i det same eg er ombord i hurtigbåten som nok ein gong skal ta meg med til den staden eg aldri nokon sinne skulle flytte frå tek nostalgien meg.

Vi var tre venninner som vaks opp saman og stadig var to av oss hemmelege bestevenninner og let den tredje i stikken. Det var ikkje så nøye kven den tredje var, ein av oss to hemmelege kunne gjerne også vere hemmeleg hemmeleg bestevenninne med den som eigentleg var utanfor, dog var det ei sak vi alltid var tre om: Det var ingen stad som var så flott som bygda vår med alle sine nes og haugar. Bygda betydde faktisk så mykje at vi kalla ho for Landet, ja – vi var så stolte at det nesten vart kvalmt for dei frå dei andre bygdene.  

Vi smugrøyka i skauen og stal griseknokar som vi gnog i oss nede ved sjøen, vi rodde til butikken sjølv om det var kortare å gå, berre for å smugrøyke, vi overtalte foreldra våre til å kjøre oss på fest i andre bygder langt vekke og av og til trong vi berre ei halv øl for å spy. Vi satt på det same bussetet i tre år fram og tilbake til ungdomsskulen og luska kvarandre i håret medan vi peika oss ut det største huset langs vegen, eit kvitt eitt, minst to etasjar, langt og breitt og stor hage med svære tre å klatre i. Her var det nok god plass til alle saman, oss, kvar vår mann, helst dei i Aha. Ungane våre var allereie døypte.

Denne staden var min heim og likevel ikkje. Med innflyttarforeldre kom eg stadig vekk til kort i forhold til det å vere ekte Lending. Medan dei andre verkeleg var innfødde og kunne vere heime heile sommaren måtte eg reise vekk ikkje berre om sommaren, men i alle slags feriar og høgtider, for då var det endeleg foreldra mine sin tur til å reise heim. Denne gongen har eg reist heim til Landet trass i at opphavet mitt ikkje er heime. Huset er stille. Bygda er stille. Eg er fri til å skrible så mykje eg berre vil. 

Så, kor høyrer ein heime? Kva er det som gjer ein høyrer heime ein stad? Er ein verkeleg heime i eit hus utan folk? Når reiser ein heim? Er ein heime utan å måtte reise noko stad? Åh, desse fjordane som buktar og snor seg mellom oss sjølve og dei vi er glade i!
Eg er på veg heim no. Samtidig skal eg heim når eg reiser tilbake. Det handlar gjerne mest om kven ein høyrer heime saman med, og langs denne vegen vi går er det lite anna som er meir fantastisk enn det å høyre saman, om ein er her eller der. Og om her eller der er på Vestlandet vil det alltid vere ein fjord som skil ein frå andre ein er glad i. Godt det finst båtar og ferjer som kan ta oss over og at nokon er på den andre sida, klare til å ta i mot oss.

8. feb. 2012

Brått

For første gong hadde ho brått gløymt å sjå seg sjølv utanfrå. For første gong kunne ho ikkje gjengi eksakt hendingsforløp slik ho trudde andre oppfatta dette. Opninga i at det kunne ha skjedd både mindre og meir enn det ho faktisk hadde fått med seg var som ei frigjering, og ho sprang ut i solstrålar som enno ikkje var varme.

28. jan. 2012

Sykkellykke


Illustrasjonsfoto: Ein sykkel i Berlin
Eg trur faktisk eg elskar sykkelen min. Den er ikkje så fin lenger, meir rust for kvar dag tyder på dårleg kvalitet, men så var det også kjøpt på sal, og brått senkar ein krava. Å kjøpe ein sykkel som ikkje tåler regn når ein bur på Vestlandet er nok i seg sjølv for å humre litt der ein trør framover.

Rammekonstruksjonen tvingar ein opp i rak rygg, det er vanskeleg å la vere å sykle utan eit smil når ein oppdagar at denne sykkelen faktisk er ein sykkel som folk legg merke tid, ukjent om det er sykkelen eller dama som sit oppå som gjer det. Til og med i motvind er det lett å dra fram smilet til folk ein møter. Det kjennest mest som eit slags gatelangs svev, heller enn taktfull trøing.

Vinden er kald, men isen og regnet held seg unna ruta i dag. Ny jakke med lange nok armar, hue og vottar i ull og varme nok sko held kulden ute. Sykkelhjelmen ligg gjengløymt heime. Draumen frå i natt sit framleis i og gir hjarte eit ekstra slag i minuttet. Mange faktorar spelar inn på sykkelsvevet.

Og desse dagane du verkeleg kjenner du svever, når bekymringar over utette tak og renoveringsklare bad omformar seg til eit lite, umerkeleg støvkorn ein stad lengst bak i bevisstheita, og fokuset er på sola, lyset, sykkelen og gatene, desse dagane er som gull. Ein slik dag kan ein få lyst til å kjøpe eit godt øl til kvelden, og det blir ikkje verre når ein står der på polet i kassen, og må vise legitimasjon, og han i kassen blir flau, unnskylder seg, og du høyrer han ikkje er norsk, og i natt drøymde du faktisk om at mannen i ditt liv er nettopp frå eit anna land, og kanskje skal du ta turen dit snart, kvifor ikkje, og du tek deg i å flørte muntert tilbake i det du får legitimasjonen i retur. Kanskje er det nettopp han?

På tilbakevegen er trøene unødvendige. Svevet er drivande nok i seg sjølv. Av og til er ein iallfall innom denne vågen som alle drøymer om. Av og til!

12. sep. 2011

Tvil

Det er så mange ord der ute på nettet. Så mange som meiner noko. Så mykje mange skulle ha sagt. Det er så mykje lykke som skal meddelast. Så mykje interiør. Så mykje baderomsinnredning og smarte kjøkkenløysingar. Så mange fine fargar og fliser å velje mellom.

I tillegg er eg nøydd til å bestemme meg for kven som får stemma mi i dag, og når eg skal ta toget til øving, og ikkje minst når eg må gå frå jobb. Og betyr dèt eigentleg noko? Er det nokon som ventar på meg?

Og det er då eg kjem på det. Flomvarselet frå NVE. Og dei nye støvlane som står der i gangen heime. Eg skal heim og ta på meg dei nye støvlane og gå ut og vente på regnet. Det kjem alltid litt regn.

15. feb. 2011

Entusiastens erkjenning

Eg kan faktisk forstå kvifor folk flest ikkje orkar å først springe alt dei orkar til busstoppet, for så å stå i endelause minutt på ein buss som er altfor sein, som når han endeleg kjem kjørande nesten ikkje ser deg stå der hoppande og veivande for å få lov å vere med, som når han såvidt har tatt deg på berre durer vidare som ingenting og du må kaste deg ned i næraste bussete for å overleve utan tanke for kven som måtte sitte der frå før. Det er ikkje akkurat slik at det berre er single kjekkasar som tar bussen, det er ikkje akkurat slik.

24. nov. 2010

Dei tapte draumars dal

Jo.
Eg var saman med ein fyr som såg ut som ei overmoden pære og var minst 10cm kortare, om ikkje 20cm. Han eigde ein slags pub med mange lumske og trange smug der han, og etter kvart eg, budde.

Alle venta på noko. Ein kveld kræsjlanda fullt av små ufo-ar og vi måtte gøyme oss i kjellaren utan å bli sett i vindua. Ein annan kveld bygde det opp til storm og bølgene slo mot vindua i puben og eg forsto at komande natt kl 05 var avgang med den gamle skøyta, til ein stad utan bølgjer.

Så vart eg ikkje med. Lot han i stikken fordi han var liten og feit.
Medan han segla avgårde akkurat i rett tid stod eg fortapt tilbake i bølgjeland.

19. okt. 2010

Det er dei dagane

Det er dei dagane, når sola vippar seg over åskammen nett i det bussen gneg seg sakte framover i ei endelaus bilkø, og både den helsikes bilkøen og heile byens samferdselspolitikk blir vanskeleg å forbanne.

18. mars 2009

Ingen tvil!

Ein regntung dag slepar eg meg innom butikken på veg heim frå jobb. Alt er vått, det pissregnar skikkeleg. Tunge regndråpar kastar seg i bakken og sprett opp utan kontroll.

Vel innanfor dørene går eg meg på ei dame som står og snakkar til ein chipspose. Om eg heller brukar ordet kjeftar på posen er ikkje det langt frå sanninga. Ho får ikkje svar. I dag bestemmer eg meg likevel for å smile til ho. Tidlegare har eg snike meg forbi, usikker på om ho brått hadde slått meg i håve med paraplyen og kjefta på meg i staden. Ho smiler ikkje tilbake, flyttar blikket raskt over på ein hermetikkboks som står utsett til litt lenger borte i hylla. Den blå, fabrikkaktige frakken som er alt for lang og det feite, ugreidde håret gjer meg merkeleg nok litt glad. Ingen tvil om at ho tilhøyrer ytterkanten i samfunnet i forhold til alle oss normale, velfungerande menneske. Likevel, ho får gå her i fred, chipspose eller ikkje, fungerande på sitt eige vis. I dèt ein av dei tilsette går forbi ho ler ho brått altfor høgt, og det er heilt tydeleg han har sagt noko skikkeleg vittig. Høgt og ukontrollert ler ho, som regndropane utanfor.

Eg må bort til brødhylla. Brått susar det eit blått plasttroll forbi. Ein mann i motorisert rullestol med ein av dei andre tilsette på slep. Ein stor blå regncape over heile mannen dekkar også rullestolen, det einaste som stikk opp er eit stort håve med store auger og ein stor, smilande munn. Muntert kjører han mellom hyllene og peikar ut kva han treng. Butikkmannen følgjer etter det beste han kan og eg tenkjer at fytti! det humøret! og så kan han ikkje gå ein gong! Joda, det er barnslege tankar, funksjonshemma kan også vere glade, sjølvsagt, og vi andre kan faktisk vere triste når det regnar, sjølv om vi har bein å gå på. Eg har tenkt alt dette før, men gir meg likevel lov til å beundre humøret hans.

Eg gløymer såklart å kjøpe egg. Akkurat når eg har bestemt meg for det dyraste, men økologiske og difor antakeleg det mest moralsk forsvarlege egg-alternativet, durar ein diger trønder med antydingar til skinnvest under regnjakka inn i butikken. Dialogen mellom trønderen og motormannen er fantastisk, og kan vanskeleg vidareformidlast i skriftleg form. Han spør om motormannen har lappen slik han driv og kjører rundt. Han spør så høgt at alle i butikken kan høyre det, og istaden for å ta den pakken med egg går eg heller nærare dei to, for så fasinerande syn! Drøymer meg vekk i det stadige underet over menneska og liva våre, før det skingrar i ei skarp stemme bak meg; Du! DU! Kor e kyllingvingene!?

Det er sjølvsagt ikkje eg som har svaret på dette, eller er meint å svare dei to damene som står der. Den breiaste kjører vogna, den tynnaste står usikkert på sida. Utan forvarsel repeterer breiedama spørsmålet med så full tyngde at butikkmannen får store problem med å halde seg alvorleg. Dessverre er dei utselde for 5-kilospakkane, men han må innrømme at han aldri har sett at dei har så store pakkar. Jo! For dåkk SKULLE ha 5-kilos pakkår!!! sett den breie dama i, og eg tenkjer at jau, dei må vere søstre, og når dei kjem heim er det den tynne som må lage middag til den breie, medan den breie latar seg framfor tv'en utan å hjelpe til. Tynnedama flakkar med blikket når breiedama kjeftar på butikkmannen, men brått er trønderen der. Om ho har lappen slik som ho kjører rundt med handlevogna i butikken!?

Tynnedama fniser og ser usikkert på søstra, og før breiesøs får fortalt om dei manglande kyllingvengene spør trønderen høgt ein gong til om ho verkeleg har lappen. Eg merkar at no byrjar eg å fnise sjølv. Handlelista er gløymt. I løpet av tre minutt har fire menneske forandra dagen totalt. Eg likar det. Eg likar denne nedslitne delen av byen, likar at det enkle er ofte det beste, utan at dette skal vere ein altfor lang reklametekst for butikken. Eg veit likevel at dette hadde eg ikkje møtt i byen sine penere handelsstrøk.

Eg forlet dei to søstrene og trønderen sakte, prøver vere tilskodar, sjølv om lysta til å sei "ha ein god dag vidare" er der. I kassen sitt det blå plastikktrollet fornøgd medan butikkmannen finn fram bankkortet, får koden, betalar, pakkar varene hans og heng posen bak på motorstolen, under regncapen. Eg sjølv pakkar svært lite av det eg eigentleg tenkte å handle i sekken, men med ei glede eg sjeldan har følt. Ute av butikken kastar regndråpane seg framleis ukontrollert ned i bakken, motormannen humpar bortover under den blå capen og eg høyrer trønderen sin latter bak meg, like ukontrollert som regnet.

Lykkeleg tenkjer eg at jammen er den ikkje så dum, denne byen her, likevel! Så lenge den gir rom for at frakkedama kan kjefte på chipsen, så lenge folk kan kjøre rundt, lappen eller ikkje, så lenge regnet er utan kontroll -

Ok, ein kan skulde på at det er våren som er komen, ein kan det. Men likevel.

8. sep. 2008

Kva er kjærleik?

Så mange rundt som vil vite
Så mange rundt som spør
Alt dei vil er deg vel

Kva er kjærleik?
Korleis har du det?
Korleis går det?
Var det fantastisk?

Og eg skal fortelje deg

Det er lettare å dele fiaskoen
Dele skuffelse, tårer og vonbrotne, lengtande slangearmar
Vise dei lengtande armane fram
lange og hengslete langs ein lut kropp

Eg skal fortelje deg

Det er lettare å gråte
Sørgje over dei ein ikkje får
Dei som går når du har vist kven du er
Dei som går før du har vist kven du er
Dei som er så teite at du må gå sjølv

Men kva er kjærleik?

Sveltefora på sjølvopplevde historier
Står dei der
Fulle av dei lengtande armane
Midt i ein mangel
Eit tomrom

Kvifor seier du ikkje noko?
Var det ikkje fantastisk?

Tja – det var bra -
Vrir du motvillig ut
Og legg til ein tankestrek
Snur deg for å sjå ut eit vindauge med uklår utsikt

For kva er kjærleik?

10. juni 2008

Ein skarve e-post eller to

Kan ein gå hen og rett og slett forelske seg i løpet av eit par e-postvekslingar ei hektisk forsommarveke i juni!? Kan det rett og slett vere tilfelle at den varme kjensla ein får etter å ha lese nok ein ny e-post er gjengjeldt i det same ein trykker på ”send svar”?

Kan det vere slik at etter ein vinter full av grubling, tolking, skuffelsar og bitre tårer brått er heilt klar på at ”Åh! Endeleg er det gøy att!” Og det viktigaste av alt – kan det verkeleg vere slik at ein klarer tenkje at ”Berre dette er fint”! Berre det å få ein e-post no, sjølv om ein kanskje ikkje får nokon i morgon, berre desse gode orda i dag, sjølv om det skulle bli dei siste. Kan det vere fordi ein veit at dette – dette er noko ekte?

”Eg skriv meir seinare.” poppar opp i innboksen. Ja vel, med ein passe dose skepsis, usunn eller ikkje, tenkjer ein med seg sjølv at ein skal iallfall ikkje forvente for mykje. Seinare kan i beste tilfelle bety seinare i kveld, men mest sannsynleg betyr det nok i morgon, eller kanskje til og med neste fredag. Forventa setningar rullar over skjermen – ja nei, eg hadde så mykje å gjere, det var travelt på jobb, så måtte eg hjelpe ein kompis med båten, ja, og så, - - - Men det er ikkje slik. Seinare betyr seinare i kveld. Og seinare betyr kanskje endå ein gong i kveld. Og det betyr også at ein kan svare utan denne ekle tanken på at ein ikkje følgjer reglane for kor hyppig og hengivent det skal vere, heile opplegget.

Den snikande boblande kjensla er nok ein gong i ferd med å ta overhand. Og er det ikkje litt herleg? Gi seg litt hen? Om det så berre er gjennom eternettet? Førebels… For straks dukkar det skumle spørsmålet opp: kva så? Kva så om kontakten er der gjennom eit dødt tastatur og flimrande skjerm? Tel det berre å sende ymse bilete av seg sjølv, og få nokre i retur av den andre? Må ein ikkje møtest for at det verkeleg skal telje? For at ein skal finne ut om alle desse alvorsame tinga som kjemi og slikt stemmer? Og blir det ikkje stress? Og korleis skal ein få til det på ein naturleg måte når Vestlandet er så inni hampen gjennomsyra av fjell og fjord og ferjereiser?

Ein tek jo sjansar heile tida. Det er jo det som er å leve. Berre det å stå opp og gå ut i trafikken er jo ein sjanse å ta.

15. mai 2008

No er det vår igjen!

og la den vare lenge og gli inn i ein vakker sommar!!!

enn så lenge ei lita oppfordring...:



Det kan vere bra å sitje nede ved sjøen,

på eit svaberg,

og nyte det som er,

men òg er det freistande å bryte vassflata

og ta seg fram i det blå, blå våte

som ein leikande delfin på leit

etter det ufinnelege...

7. feb. 2008

Å ta skiheis

Når du aldri har gjort det er det vanskeleg, du dett og slår deg, veltar kanskje fleire i fallet, er gjenstand for fnising innanfor dei proffe sine snøbriller og goretexjakker, men du kan ikkje gi deg og når du har gjort det nokre gongar så går det som regel bra. Oppe på toppen av bakken møter du nye utfordringar - går det an å kome seg heilskinna ned att?

Du prøver. Og dett. Og reiser deg, og prøver på ny. Og på ny. Og på ny. Og gong på gong er dette sjølve livet - opp, og ned, opp, og ned.

Men tenk så kjekt å få lov til å bli kjent med nye folk, ta heisen saman, renne ned bakkane saman, kanskje ta heisen saman opp igjen, fordi ein kjem ned på likt. Og så om ein kjem ned ulikt, ja så er det nokon andre ein kan ta heisen saman med? Opp igjen.

Å kunne våge å gje nokon ein sjanse i livet ditt!
Å kunne våge å vere nokon sin sjanse!

4. des. 2007

Teoriar

Oki, så om ein til dømes er født slik at ein lett fell for det motsette kjønn

Om det er slik at terskelen for å snuble seg bort i eit nytt svar på alle einsame kjensler og lengslar, er så låg at i det same ein singel mann entrar rommet entrar han også rolla som løysinga på alle dine lengslar og draumar

Om det er slik at etterkvart det meste av all fornuftig tilnærming til den verkelege verda forsvinn med nærveret til denne personen der du oppheld deg, at du kan sjå langt etter slike begrep som konsentrasjon, flittig og samvitsfull arbeidstakar, tilrekneleg, rask reaksjonsevne (på andre ting enn det som har direkte med vedkomande å gjere) og til dagleg stirre rett gjennom det som eigentleg skjer rundt deg

Om det er så gale at ein til og med må google "konsentrasjonsproblem" og kjem direkte inn i Lommelegen.no sine svar på kva som kan vere årsaka til den manglande konsentrasjonen, og ein ikkje kan seie at det er direkte fysisk smerte i hjarte som er årsaka, men heller (sitat) "andre årsaker enn de rent medisinske, som f.eks. stress eller for lite søvn, eller hyggeligere "problemer" som f.eks. forelskelse"

I den grad det er hyggelig å vere forelska!?

Vel. Det er no eg skal snu dette til noko positivt. Det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska. Det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska og innrømme det. Og iallfall det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska og innrømme det ovanfor den det dreier seg om. Men. Det er no eg på strak arm finn 10 gode grunnar til at det er bra å bli forelska av og til likevel, og innrømme det, sjølv om det ikkje alltid er like hyggeleg. Og det er no eg skal tru på alle dei 10 gode grunnane i etterkant.

Fordi:

  1. Ein lever
  2. Ein lever med eit levande hjarte
  3. Ein tek seg tid til å pynte seg litt ekstra før ein går ut av huset, for ein kan jo treffe på den utvalde rundt kvart eit hushjørne
  4. Ein har relativt gode grunnar til å kjøpe seg ein fin ny genser, eventuelt ein fin gammal på den kule men litt for dyre third hand shop'en i byn
  5. Ein har relativt gode grunnar til å henge mykje på kafè og drikke kaffi med andre ein kjenner, for det kan jo vere at den utvalde dukkar opp nettopp denne dagen
  6. Ein held seg oppdatert på det meste av nyhende i verda i tilfelle ein hamnar i ein samtale med vedkomande
  7. Ein forbrenn mykje meir energi på berre å tenkje på vedkomande enn ein ville gjort på ein lengre joggetur
  8. Ein legg kanskje ut på joggeturar likevel
  9. Ein kan sjå forståande på stasjonsvogner fulle av ungar og hundar og handleposar og tenkje at det ser ikkje ille ut
  10. Tanken på at følelsane kan vere gjengjeldt er så sitrande og altoverskyggande at det iallfall i eit singeltilvære er få ting som kjem opp mot eit slikt adrenalin-kick

Jo, eg trur definitivt eg vil leve i slike bølgetoppar og bølgedalar, enn å ikkje gjere det. Enn å ikkje tørre. Ikkje innrømme. Det er ikkje utan at ein klatrar opp på brettet og padlar med bølgjene på nytt og på nytt og på nytt at ein lærer å surfe på dei! Hoi!

20. nov. 2007

Ting...


...roar seg.

Dei vande handlingsmønstra kjem tilbake.
Men førstkomande laurdag er det kjøpefri dag att - siste laurdagen i november månad er - i følgje sikre kjelder - den dagen i året då folk handlar mest.

Gje nokon den verdfulle tida di i staden denne dagen!


vi kan ikkje leve utan vener heller!

6. nov. 2007

Slangearmar

De går og går og går gjennom gråorskog oppover mot brekanten. Det er stjerneklårt og månen skin skarpe skuggar mellom trestammane. Kliss klass i det våte graset og våt på beina men det gjer ingenting for du går med akkurat den du vil gå med akkurat no, traskar i veg oppetter snirklete stiar nærare og nærare elva som brusar under brekanten. Og for å gjere lange tankerekker korte set de dykk ned på ein stein som har akkurat plass til to og du tenkjer at No! No skjer det! No tek han handa di og seier at han vil vere saman med deg for resten av livet, og du treng ikkje vere redd lenger for eg skal passe på deg!

Han reiser seg og seier at de får vel trakke vidare, for det byrjar å bli seint, og du småspring etter han der nede i skogen og trakkar over og bannar stilt inni deg men seier ingenting. Helvete at det skal vere så vanskeleg, så uforløyst og så uoppnåeleg. I det eine sekundet trur du på alt, i det andre på ingenting. Heile livet surrar som ein jojo og du surrar med på beste vis for det går jo over. Det har gått over før, det vil gjere det igjen, du greier dette! Stå på! Og du merkar ikkje at han stansar før du snublar i skuggen din og brått ligg armane dine rundt den gode genseren hans, og han kastar seg ikkje unna men snur seg og månen skin overalt…

Hamnar vi saman tilfeldig?

Nokon som ruskar deg i håret og det var berre herleg for du trengte så verkeleg at nokon ruska deg i håret akkurat då, brått har du eit heilt menneske i armane som du ikkje veit kor du skal gjere av, for det er fint og nytt og nært og godt og du klarer ikkje sleppe taket for kor skal du då gjere av dei lengtande armane dine… Eller ein arm som hamnar der han ikkje var tenkt å hamne, eller iallfall ikkje med nokon underliggande intensjon om at den skulle hamne nett der, men brått ligg all tolking i armen si handling, og du trekker deg ikkje unna, for brått er det like uoverkommeleg å ta armen vekk som at den med vilje kunne hamne der i utgangspunktet.

Armar som er der og armar som ikkje er der, like vanskeleg kan det vere, og like fint. Spenninga før, spenninga langs med, angeren etterpå, lengselen etter andre armar og finare genserar. Alt som gjer livet verdt å leve, alt som gjer denne evinnelege surringa meiningsfyllt!

8. okt. 2007

Hyllesten!

Manglande innsikt i skittentøysortering, det finaste serviset på full guffe i oppvaskmaskina, lasagneforma som enno står i bløyt i oppvaskkummen, uoppreidd seng og hårtustar etter nok ei barbering i vasken på badet. Og dersom du er så syndig å nemne berre ein liten flik av alt det som frustrerer deg får du berre eit stort flir tilbake. Mannen ler av deg og drar deg ned i sofaen for å sjå siste ekstraomgangen. Helsiken!

Du boikottar klesvasken i eit iherdig forsøk på å oppdra mannen din til å overraske deg med tom kleskorg når du kjem trøtt og sliten heim frå jobb; han ligg på sofaen og kan fortelje deg det aller siste innanfor tippeligaen og kva som kjem til å skje dersom BRANN endeleg vinn serien. Dei kan skuldast for mangt og gjere oss kvinner så frustrerte at vi riv oss i håret og kastar oss utfor terrassen av sinne og eksplosjon over manglande interesse og forståing. Du gir no vel ein god F i om dei vinn!! Du hoppar opp og ned på stuegolvet og trampar i golvet og riv deg endå meir i håret før du vurderer terrassen, men sjølv om du allereie har nemnt kor høgt det er ned og at du snart vurderer å kaste deg utfor får du berre eit smil tilbake – ”Hæ?”

Slik hugsar eg det. Likevel er eg altså i ferd med å dedisere dette innlegget til menn som trass sine generelle uttrykk av einfald ordnar med forsikringar, klatrar opp på taket og festar lause taksteinar, monterer høgtalarane perfekt i stua med lange nok leidningar til å sitte ved spisebordet med pcen og ikkje måtte klistre seg oppi bokhylla der anlegget står for både å surfe på nettet og høyre på musikk samtidig. Til menn som kjøper skøyteleidningar og gir deg mulegheita til både oljeomnsvarme og å sjå på dvd til same tid. Til menn som tømmer oska i peisen og hugsar å sette ut søpla kvelden før søppelbilen kjem. Til menn som opnar panseret på bilen og sjekke om det må fyllast på meir olje eller om det er tilstrekkeleg til ein ny tur langs fjordar og fjell på Vestlandet. Til menn som lar deg pusle med ditt, besøke venninner, sykle tur, halde deg i form med litt andre syslar enn å bære tunge ting mellom kjellar og loft, sparkle, male, legge fliser og bære endå fleire ting mellom kjellar og loft. Til menn som tek ansvar, spør deg om du har det bra, ønskjer deg ein fin dag på jobb og seier at dei kan lage middag til du kjem heim sidan du må jobbe overtid i dag.

I dagens likestilte samfunn; til alle dei.