Nokon gjekk hardt ut nyttårsaftan: kva med å treffe ein ny mann for kvar månad som går!? Ja, la 2013 bli det store dating-året! Det må jo vere nokon der ute! Ja, det er på tide å kome seg ut av bobla, møte nye folk, opne opp og la seg kaste uti!
Langsmed strategibygginga kryp temperaturen nedover og gir vestlandsbyen minusgrader i mengder ein ikkje hugsar. Isen på vatna blir tjukkare og tjukkare og snart melder kommunen at det er trygt utpå. Skal 2013 bli nok eit år der eg skuldar på at eg var for seint ute til å skaffe skeisser? Og i ein skjult bisetning legg til at vi gjekk eigentleg aldri på skeisser der eg vaks opp?
Ei venninne med både hockeyskeisser og kunstløpskeisser gjennom oppveksten blir med inn på Sporten og ser etter ei løysing. Rundt meg blir skeissepar etter skeissepar rive vekk av ivrige hender i alle alderar. Det er berre å finne rett storleik og slå til!
Neste dag ligg eg så lenge som mulig. Joda, har avtalt ein tur ut, jaudå, eg kjører. Merkar alt eg gjer går seint, velte seg ut av senga, slepe seg ut på badet, motvillige rørsler, koke kaffi, smøre mat, pakke, eg somlar!! Men eg har jo aldri stått på skeisser før! Og ute er det ein fantastisk dag: På og langs vatnet yrar det av små og store folk med skarpe kantar under skoa. Bilar er parkerte overalt og ein kjenner at i dag er ein slik dag der ein kan parkere nesten kor som helst.
Å bli dradd rundt med skarpe kantar under beina er noko heilt nytt og eg hyler. Eg skulle gjerne hatt ein bruskasse å skyve på, men ingen er store nok, og eg klarer meg ikkje sjøl så eg må ta til takke med ein hjelpsom arm og eg brukar ei evigheit berre på å kome meg på beina. Men eg står. Eg står faktisk. Snart går eg også. Og det går ikkje lang tid før eg gjer meg til når kamera kjem fram.
Neste dag ny tur. Nytt vatn. Og dagen etter. Endå fleire vatn. Suser avgårde over vatna, svevar nesten. Kven skulle trudd det! Utropsteikna frå nyttårsaftan har lagt seg. Mørkt og måneskin og der eg går under stjernene har eg straks justert målet for 2013. Ikkje nødvendigvis ein ny mann for kvar månad. Nei, i januar bytter eg daten ut med skeisser altså, og tenkjer at nyttårsforsettet kan mykje heller vere å gjere ei ny greie for kvar månad. Og no er det februar, ny månad, med fleire kandidatar på trappene.
Framhald følgjer!
Ny aktivitetsinspirationsblogg! 1 inlägg i månaden tack! :P
SvarSlett