Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

11. mai 2007

Feil på singel-hjernen

- Du, han der nye, han som helsar kvar morgon, kven er han?
- Han med den blå sekken? Og den rare sveisen?
- Rare sveisen?
- Ja, LITT rare sveisen då!
- Han verkar litt kul
- Han er sambuar...
- Åhr! Han verkar jo så himla bra!?!?!?!?
- Han er sambuar, sa eg...

Og vi kan ikkje gå og vente!

Men kvifor verkar dei å vere så himla bra menn? Alle dei artige, intelligente, utforskande, opne, sjølvstendige mannfolka som går rundt der ute? Alle dei som er opptatt? Kvifor er det dei som verkar så bra? Er det berre fordi dei er "tatt" at dei er verkar best?

Eller, kanskje er dei berre så bra fordi ein treng ikkje ta stilling til om ein vil vere saman med dei eller ikkje...? Hadde dei derimot vore single, så måtte ein tatt stilling til det. Og endå verre, hadde dei vore single, og interessert i at noko skulle skje, så hadde dei automatisk blitt mindre interessante, fordi dei hadde funne på mykje rart og tilgjort for å gjere seg sjølve interessante, om interessa var gjengjeldt, såklart.

Kva då, når det er dei som allereie har dame, og som derfor i utgangspunktet ikkje tenkjer at dei må gi inntrykk av å vere mykje meir sjølvstendig, intelligent, artigare, meir aktiv - kva då når det berre er dei som klarer slappe nok av i ditt selskap til å gje eit godt og innbydande inntrykk av kven dei er, godt nok til å sjarmere deg i senk og tilsynelatande utilsikta få deg til å bli meir interessert og frustrert over manglande evne til å interessere deg for noko oppnåeleg?

Korleis kan dette puslast saman? Korleis kan ein klare å interessere seg for nokon som er interessert, om han gjer så mykje tilgjorte saker som gjer at ein mistar interessa fullstendig likevel? Eller endå vanskelegare; korleis kan ein framtre mindre sjølvstendig? Mindre skremmande? Ikkje så morsom? Ikkje så aktiv? Ikkje så intelligent? Ikkje så grei? (ja, for pen har ein jo vanskar for å tru at ein er uansett) slik at ein ikkje skremmer vekk potensielle friarar før dei stikk av gårde?

Svaret ligg noko ullent der ein stad. Det er berre ein ting som er sikkert. Vi kan ikkje gå og vente. Det er ikkje nokon prins om han er opptatt! Dette er det automatikk i! Han er automatisk ingen prins, fordi han er opptatt! Om han er den rette, sluttar han å vere opptatt. Om han ikkje sluttar å vere opptatt er han ingen prins!

6 kommentarer:

  1. Hmm, det här är är intressant. Det måste ju finnas en lösning på det! Får håpe det kommer noen gode kommentarer med tips i... :-)

    SvarSlett
  2. Mann med dame blir rett og slett sympatisk fordi han ikkje er ute etter å sjekka opp andre damer, slik som du er inne på. Det får desse symptoma:
    - han blir meir avslappa i samvær med andre damer
    - dimed framstår han som meir sjølvsikker, humoristisk og vennleg

    MEN eg trur òg det er slik at når ein er klar over at ein mann har dame, så konstruerer ein automatisk eit bilete av ein attraktiv mann, berre fordi vi tenkjer at han har greidd å sjarmera ei dame. Dette er sjølvsagt innbilling. Eg trur òg det er slik at ikkje alle menn som framstår som den beste, ER det. Mykje ligg i tankens og innbillinga si kraft!;-)

    SvarSlett
  3. Eg håpar du har rett. Eg tenkjer du har rett så ofte som mogleg. Så går det nok over og han kan falle tilbake i kategorien "opptatt, og slett ikkje SÅ attraktiv heller" :-)

    SvarSlett
  4. Hugs, Strida, at den som strid den gode strid, skal vinna.

    SvarSlett
  5. Jasså! er det anonyme folk her også;-)

    jau, det er mykje å stride for i verda, men akkurat her har eg lagt sverdet på is. i frysaren, iallfall..

    ps, menn som ikkje trur dei har sjans på nokon kan også framstå som attraktive - og humoristiske - og vennlege - nettopp fordi dei ikkje trur dei har sjans. artig dette spelet...

    SvarSlett
  6. Anonym og anonym... Kanskje eg er ein hemmeleg beundrar:) Men her er i alle fall kjekke tips å ta med seg (eller som ungdommen på Vestlandet ville ha sagt: sjekke tips:)). Strid sjølv om det er stridt. Sverd plar ikkje lika seg i frysarar. Dei blir sløve der.

    SvarSlett