Bølger lagar ein stille lyd,
dei gneg mot svaberget og
gøymer tang og tare i saltvatn,
som med ein usynleg måne lagar flo.
Ein båt dorgar innover fjorden og
bryt nærast havflatt glitter,
men berre litt.
Sol skjer seg gjennom blågrått skylag
men vinn ikkje,
skyene ligg tunge nedover bratte fjellsider.
Det kan vere bra å sitje nede ved sjøen,
på eit svaberg,
og nyte det som er,
men òg er det freistande å bryte vassflata
og ta seg fram i det blå, blå våte
som ein leikande delfin på leit
etter det ufinnelege.
dei gneg mot svaberget og
gøymer tang og tare i saltvatn,
som med ein usynleg måne lagar flo.
Ein båt dorgar innover fjorden og
bryt nærast havflatt glitter,
men berre litt.
Sol skjer seg gjennom blågrått skylag
men vinn ikkje,
skyene ligg tunge nedover bratte fjellsider.
Det kan vere bra å sitje nede ved sjøen,
på eit svaberg,
og nyte det som er,
men òg er det freistande å bryte vassflata
og ta seg fram i det blå, blå våte
som ein leikande delfin på leit
etter det ufinnelege.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar