Nokre merkar ein seg med det same. Som sist gong. Dei berre står midt i vegen med heile seg og skrik høgt Hallo!! Ser du meg eller!?!? Her er eg, og eg
veit at du fell pladask for meg akkurat
No!!! ...ja, og så gjer du det, og trass lettare irritasjon over at vedkomande er litt tynn i håret, eller har snobbete ny bukse med gulltrådar overalt, smiler du og rødmar likevel når du prøver seie hei! tilbake, tilsynelatande like uaffektert som prinsen sjølv.
Andre dukkar opp på den meir sakte måten. Brått legg du merke til nokon som har vore der lenge. Ein kompis. Naboen tvers over gata som eigentleg hentar avisa på eit anna tidspunkt enn deg sjølv. Eller nokon du veit har pendla på akkurat same bussen som deg sjølv, kanskje heilt sidan august, men som likevel aldri har sett ut som nokon prins før akkurat i dag. Og gjett! Akkurat i går dukka eit slikt tilfelle opp, verken tynn i håret eller ikledd snobbete bukser. ...ein lettare irritasjon over prinsens tilsynelatande uaffekterte måte å vandre gjennom livet på, i dette tilfellet måten han byrja å gå frå busstoppen, fyllte tomrommet etter han. Det varte likevel ikkje så lenge før vi hadde drukke den første kaffien, tømt det første vinglaset, vakna opp neste morgon og for å ete nyrista brød med brunost medan vi lurte på kortid vi skulle flytte saman og - eh, ja, i alle fall prøvde eg å ikkje problematisere dette
for mykje, der eg stod i tomrommet etter han utan å seie hei i dag heller...
Men altså, denne gongen nyttar det jo verken med epost eller sms. Det blir for teit. Eg ser han kvar morgon, og kvar ettermiddag. Eg kan dagleg gå rett bak han fleire hundre meter før han går ein annan veg, heim til vakker kone og tre søte små barn på 2, 5 og 7 år som ventar på at snille far skal kome heim.
...det vil sei. I dag kom han med ferdigmiddag frå Coop'en i handa før han sette seg på bussen. Ei vakker kone og tre søte små barn ville aldri vere bortreist på ein onsdag. Nei, han er nok singel. Og det er nok ein gang
friiiiiiiiitt fram, fritt fram...?