Om det er slik at terskelen for å snuble seg bort i eit nytt svar på alle einsame kjensler og lengslar, er så låg at i det same ein singel mann entrar rommet entrar han også rolla som løysinga på alle dine lengslar og draumar
Om det er slik at etterkvart det meste av all fornuftig tilnærming til den verkelege verda forsvinn med nærveret til denne personen der du oppheld deg, at du kan sjå langt etter slike begrep som konsentrasjon, flittig og samvitsfull arbeidstakar, tilrekneleg, rask reaksjonsevne (på andre ting enn det som har direkte med vedkomande å gjere) og til dagleg stirre rett gjennom det som eigentleg skjer rundt deg
Om det er så gale at ein til og med må google "konsentrasjonsproblem" og kjem direkte inn i Lommelegen.no sine svar på kva som kan vere årsaka til den manglande konsentrasjonen, og ein ikkje kan seie at det er direkte fysisk smerte i hjarte som er årsaka, men heller (sitat) "andre årsaker enn de rent medisinske, som f.eks. stress eller for lite søvn, eller hyggeligere "problemer" som f.eks. forelskelse"
I den grad det er hyggelig å vere forelska!?
Vel. Det er no eg skal snu dette til noko positivt. Det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska. Det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska og innrømme det. Og iallfall det at det ikkje alltid er like hyggeleg å vere forelska og innrømme det ovanfor den det dreier seg om. Men. Det er no eg på strak arm finn 10 gode grunnar til at det er bra å bli forelska av og til likevel, og innrømme det, sjølv om det ikkje alltid er like hyggeleg. Og det er no eg skal tru på alle dei 10 gode grunnane i etterkant.
Fordi:
- Ein lever
- Ein lever med eit levande hjarte
- Ein tek seg tid til å pynte seg litt ekstra før ein går ut av huset, for ein kan jo treffe på den utvalde rundt kvart eit hushjørne
- Ein har relativt gode grunnar til å kjøpe seg ein fin ny genser, eventuelt ein fin gammal på den kule men litt for dyre third hand shop'en i byn
- Ein har relativt gode grunnar til å henge mykje på kafè og drikke kaffi med andre ein kjenner, for det kan jo vere at den utvalde dukkar opp nettopp denne dagen
- Ein held seg oppdatert på det meste av nyhende i verda i tilfelle ein hamnar i ein samtale med vedkomande
- Ein forbrenn mykje meir energi på berre å tenkje på vedkomande enn ein ville gjort på ein lengre joggetur
- Ein legg kanskje ut på joggeturar likevel
- Ein kan sjå forståande på stasjonsvogner fulle av ungar og hundar og handleposar og tenkje at det ser ikkje så ille ut
- Tanken på at følelsane kan vere gjengjeldt er så sitrande og altoverskyggande at det iallfall i eit singeltilvære er få ting som kjem opp mot eit slikt adrenalin-kick
Jo, eg trur definitivt eg vil leve i slike bølgetoppar og bølgedalar, enn å ikkje gjere det. Enn å ikkje tørre. Ikkje innrømme. Det er ikkje utan at ein klatrar opp på brettet og padlar med bølgjene på nytt og på nytt og på nytt at ein lærer å surfe på dei! Hoi!