Ofte er det lett å miste litt grep her i livet. Lite handfaste ting rundt ein og slikt. I andre sine auge, men likevel gjerne mest i sine eigne, manglar ein det meste av det som er rekna som aksepterte omgivelsar. Slik som ein skikkeleg stad å bu. Ein litt betre bil. Slik at ein slepp reise 1000vis av kilometer med tog berre for å ta ein kaffi.
For ein manglar kanskje nokon som synest ein er fin uansett kva kjole ein tek på seg. Som synest den andre kjolen er fin også. Som tek den tyngste sekken på fjelltur. Som kjem stolt gjennom skogen med den største kronhjort ein kan tenkje seg. Som slenger hjorten i bordet og seier at no har vi mat heilt fram til jul. Som bergar oss.
TIl mi store glede datt ein slik handfast sak rett i fanget mitt sist sommar. Og for ein sommarflørt det vart!! Og ikkje berre ein flørt, nei det vart nesten lidenskapeleg. Eg kom heim om kvelden, henta ein kald pils til oss, og sette meg ned i vinduskarmen saman med vidunderet. Eller dansa rundt i leilegheita i eit fast grep. Vals. Polka. Reinlender. Kanskje til og med noko som kunne minne om springleik. For folkemusikken tok oss, ingen tvil om det.
No har vi blitt litt meir van med kvarandre vi to. Drøymer om ein irsk rytme. Eller skotsk. Det har rett og slett blitt alvor av oss. Kven skulle trudd det; no er vi saman både i tide og utide. Heilt til naboane synest det blir for mykje lyd. Då må eg berre skyve han litt unna. Men slik er det vel i dei fleste forhold.
Så om du ikkje seier det til meg direkte, at eg er fin same kva kjole eg har på meg, så er eg sikker på du meiner det. Eg drit iallfall i at det er eg som må bere den tyngste sekken, du min kjære torader;-)
Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.
27. okt. 2006
10. okt. 2006
Fiske....

Ligge utpå fjorden...
Drive sakte nordaustover i passe avstand frå svaberga med eit snøre eller to hengande ute.
Sol.
Skvulp.
Frisk haustluft som ruskar rolig i gulgrøne ospelauv. Ristar i bjørk framleis grøn.
Napp. Napp!
Sei? Lyr? Makrell?
Ein lyr!!!
Endå ein!
To på same snøret - Lykke!
Lyden av knekt nakke, blod som sprutar, fingrar fulle av fiskeskjel og båt full av entusiasme.
Meir! Kast uti snøret att! Kanskje er det meir!!
....Lykke ved kjøkkenbenken i kveldinga. Sabla god filiteringskniv. Akkurat to middagar vert det, med lyr og sei i salig blanding. Lyrebiff med steikt løk - mmm.
Kanskje inviterer eg deg?

Etikettar:
Lett poesi,
Litt lukke
Abonner på:
Innlegg (Atom)