Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

1. sep. 2006

Ikkje svar...

Jaha.

Alternativa er fleire..:


  1. Han har ikkje fått mailen for det var feil adresse
  2. Nokon andre har fått mailen og ler rått
  3. Han har ikkje fått mailen for den vart stoppa i spam'en
  4. Han har fått mailen men forstår ikkje nynorsk
  5. Han har fått mailen men hugsar ikkje kven ho var
  6. Han har fått mailen og hugsar kven ho var men syns ho var heilt teit
  7. Han har fått mailen, hugsar ikkje kven ho var men tek det som eit kompliment
  8. Han har fått mailen, hugsar kven ho var men tør ikkje svare
  9. Han har fått mailen, hugsar kven ho var, har lyst til å svare, men kjem ikkje på noko glupt
  10. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, men kjem framleis ikkje på noko glupt
  11. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, men blir skremt av damer som er så frampå og må vente litt før han svarar
  12. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, så han svarer med ein gong, men fordi ho ikkje har lagra adressa hans på jobb kjem mailen hans i spammailen hennar, ånei!!
Eller var det omvendt? Iallfall ikkje like enkelt som:
  • Han har fått mailen, vart superglad og svarer med ein gong der han spør når dei kan møtast neste gong

3 kommentarer:

  1. Så bra at du har sendt ein epost!!!

    Eg trur du må senda ein sms. Dikt opp dette: du har hatt store problem med eposten din i det siste. Epost kjem ikkje fram alltid, og du får heller ikkje epost. Difor lurar du på om han har fått eposten din.

    Du gløymde ein ting: kanskje han rett og slett ikkje har eposttilgang pga at han er bortreist?

    SvarSlett
  2. Hallo!!!

    Han HADDE IKKJE fått mailen min!!!

    Men no har han det.

    Og sjarmerte Strida har fått svar!

    Moral: Det er betre å sende ein epost for mykje enn ein for lite. Iallfall av og til!

    SvarSlett
  3. Ok, eg ventar spent på framhald...;-)

    SvarSlett