Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

22. mai 2006

Bergensnostalgi

Ei leilegheit - eit liv - slik eg ser det den einaste utvegen til å knekke nakken på gamle fiskar fullstendig, rett og slett starten på nye ting, det er von i hengande snøre osb... Pitte bitte lita, men heilt i sentrum, med skråtak, nesten som i Vetrliden, der ein i si tid kunne henge ut skråtakvindua på utkikk etter noko å slarve om frå gatelivet, eller rekne ut perfekt tidspunkt for å rusle nedover til zachariasbryggen for å ete prince-is. Materialismen krev sitt, men ein skal ikkje kimse av denne delen av livet heller; om ein ikkje vert heilt lukkeleg av eit lite bo, so kan da iallfall fungere som god grobotn!

I dag klarte eg nesten å kjøpe ho, leilegheita. Neste gong, heilt sikkert. Snart, snart skal eg og Stavanger bli eitt. I mellomtida syg eg ut dei siste pengane av kontoen (jau då, eg har ført over pengar til husleiga i juni) og reiser ein tur til Bergen i staden!

4 kommentarer:

  1. Også kan spise en prince-is for meg mens du titter på båtene i Vågen, eller bare sitter på benken utenfor Fløien i vårsola (hvis du skulle være så heldig). Oslo med leilighet er heller ikke alltid pur lykke, men kanskje et skritt på veien??

    SvarSlett
  2. Leilegheit i Stavanger høyrest herleg ut!!! Vestland, vestland...nett no er eg i fagre Årdal i Sogn, og det er ikkje så verst her, heller, sjølv om eg ikkje vil bu her.

    SvarSlett
  3. Jau, det er nok forskjell på kor ein syns det er vakkert og kor ein verkeleg vil bu! Åse, eg har ikkje ete is endå, men var på fløyen i går og tenkte på deg frå vetrliden og opp til skansen, såg ned på nr.25 då veit du:-) Elles er det sol ute, og eg har vunne to billettar til nattjazz i måra - noko som iallfall må vere eit lukkeleg skritt på veien!

    SvarSlett
  4. AAAAh... jag vill ocksa sitta pa Bryggen och ata glass... dricka ol i solen pa Verftet... och krypa upp i soffan hemma pa Tverrgaten med en kopp te... langtar hem! Det blir finfint att se dig i Bergen igen om tva veckor... gladjer mig! Dessutom har jag nu sent om sider lagt in en lank till din sida pa var :-) kram

    SvarSlett