Vi var tre venninner som vaks opp saman og stadig var to av oss hemmelege bestevenninner og let den tredje i stikken. Det var ikkje så nøye kven den tredje var, ein av oss to hemmelege kunne gjerne også vere hemmeleg hemmeleg bestevenninne med den som eigentleg var utanfor, dog var det ei sak vi alltid var tre om: Det var ingen stad som var så flott som bygda vår med alle sine nes og haugar. Bygda betydde faktisk så mykje at vi kalla ho for Landet, ja – vi var så stolte at det nesten vart kvalmt for dei frå dei andre bygdene.
Vi smugrøyka i skauen og stal griseknokar som vi gnog i oss nede ved sjøen, vi rodde til butikken sjølv om det var kortare å gå, berre for å smugrøyke, vi overtalte foreldra våre til å kjøre oss på fest i andre bygder langt vekke og av og til trong vi berre ei halv øl for å spy. Vi satt på det same bussetet i tre år fram og tilbake til ungdomsskulen og luska kvarandre i håret medan vi peika oss ut det største huset langs vegen, eit kvitt eitt, minst to etasjar, langt og breitt og stor hage med svære tre å klatre i. Her var det nok god plass til alle saman, oss, kvar vår mann, helst dei i Aha. Ungane våre var allereie døypte.
Denne staden var min heim og likevel ikkje. Med innflyttarforeldre kom eg stadig vekk til kort i forhold til det å vere ekte Lending. Medan dei andre verkeleg var innfødde og kunne vere heime heile sommaren måtte eg reise vekk ikkje berre om sommaren, men i alle slags feriar og høgtider, for då var det endeleg foreldra mine sin tur til å reise heim. Denne gongen har eg reist heim til Landet trass i at opphavet mitt ikkje er heime. Huset er stille. Bygda er stille. Eg er fri til å skrible så mykje eg berre vil.
Så, kor
høyrer ein heime? Kva er det som gjer ein høyrer heime ein stad? Er ein verkeleg heime i eit hus utan folk? Når reiser ein heim? Er ein heime utan å måtte reise
noko stad? Åh, desse fjordane som buktar og snor seg mellom oss sjølve og dei vi er
glade i!
Eg er på
veg heim no. Samtidig skal eg heim når eg reiser tilbake. Det handlar gjerne
mest om kven ein høyrer heime saman med, og langs denne vegen vi går er det
lite anna som er meir fantastisk enn det å høyre saman, om ein er her eller
der. Og om her eller der er på Vestlandet vil det alltid vere ein fjord som skil ein frå andre ein er glad i. Godt det finst båtar og ferjer som kan ta oss over og at nokon er på den andre sida, klare til å ta i mot oss.