Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

28. sep. 2007

Tankespinn..

Så, kvifor likar ein enkelte menneske betre enn andre? Kvifor er det slik at enkelte menneske har ein så sjukt sterk effekt på deg at berre tanken på det å vere i nærleiken slår deg heilt ut og du fell vekk frå alt det som måtte skje rundt deg av vanlege, verkelege saker og situasjonar, fell vekk og surrar rundt og rundt i tankespinn fylt av deg og dette andre mennesket, helst saman for alltid..

Du smakar på ordet forelska og får kjapt iskalde frysningar over heile deg av all kontroll du kjenner forsvinn lenge før du er ferdig med ordet. Forelska er det motsette av kontroll. Du er meiningslaust forelska, lidenskapeleg, uhelbredeleg og på grensa til ulukkeleg forelska. Hadde det vore i gamle dagar hadde du sikkert allereie kasta deg uti fossen; du har tusenvis av følelsar som strøymer fort fort fort gjennom heile deg og blodet brusar og alt det der, og så kanskje la han ikkje merke til deg eingong! Eller, han la merke til deg, men forstod han?

For no står du der, og er totalt handlingslamma; kan ikkje gjere noko som helst!! Kan ikkje vise noko, kan ikkje lette på trykket, kan ikkje strekke ut ei einaste lita men varm hand!! Kontroll, kontroll, kontroll; du kan smile og le, preike om laust og fast, lytte og kome med veltenkte innspel i samtalen og elles vere den beste utgåva av deg sjølv, medan du gong på gong fell rett vekk i tankespinnet igjen; du sit der på konferanse, eller ved middagsbordet, eller du ventar på bussen, og i det han forsvinn rundt hjørnet utan å ta deg med har du tatt deg sjølv på fersken nok ein gong der de står og klinar på opa gate, på café, på tur, ved leirbålet, over alt!!

...lettare forvirra hoppar du inn på fortauskanten og lurer på om nokon fekk det med seg? Flimra det i panna, det du tenkte, at de stod der og kyssa? Såg dei kven du tenkte på? Sa du noko høgt? Fekk dei det med seg, at du ikkje følgde med på foredraget? At du gong på gong set middagsmaten i halsen fordi du gløymer å tygge? At du mista bussen igjen og stod att aleine med tankane som spann vidare allereie før bussen var runda hjørnet...

Denne gongen kan ikkje du vere den som veljer først, uansett. Det nyttar ikkje å vere verken tøff eller frampå. Du kan ikkje legge nokon lapp i penalhuset hans der du spør om de skal vere saman, slik som på ungdomsskulen, du kan ikkje sende nokon firkløver i posten for så å ringe eit par dagar seinare og sei hei, eller sykle fire mil for tilfeldigvis å treffe på han utanfor huset hans; du orkar berre ikkje å tape ein gong til. Og kor lenge du må stå der på fortauskanten og balansere mellom tankespinn og busstur kan du heller ikkje spørje nokon om, ingen, ingen, INGEN!!!

...Du sparkar vekk den snikande kjensla av at det store målet i livet er ikkje å klare seg sjølv, men å vere to, og du må ta skikkeleg i for å sparke vekk frykta for at du i mellomtida berre får øvd deg på å vere sjølvstendig, og sterk, og ordne opp i alt på eiga hand.
"Eg treng deg!" flimrar det i panna, på ny og på ny og på ny, men ingen ser det, og du klarer deg aleine så fint som berre det, flinke og kontrollerte jente..

6. sep. 2007

Vestlandsreiser II

Haustfargar og eg susar sørover. Det er godt å vere sikker på ting, som kor ein høyrer heime. Min stad er definitivt Vestlandet, ingen tvil. Dess meir eg køyrer langs smale vestlandsvegar, med vestlandsregn piskande mot ruta og den gamle bilen sine trøtte vindusviskarar på fullt, dess sikrare vert eg. Å kome presis til ferja, eller å ligge bak ein stor lastebil og ikkje rekke ferja i det heile – alt gir same kjensla av tilhøyrsle. Traktoren som svingar ut på vegen rett framfor deg, som berre skal eit lite stykke og dermed ikkje ser nokon grunn til å sleppe deg forbi, eller ei lita bygd med tre små gardsbruk men like fullt eit stadnamnskilt i blått som fortel deg kva det heiter der – alt er del av det same.

Kjensla av å høyre til fleire stader. Nordvestlandet, Sørvestlandet, og kor langt det kan vere mellom desse landa sjølv om alt er ytre fjordbygder på vestlandet. Ikkje berre smale vegar, men lange vegar, mange ferjer og mykje regn. Men i dag, berre glede over å sjå alle fargar av byrjande haust i bratte fjellsider og blanke fjordar. Glede over å kunne reise når det er opplett i vakre landskap. Glede av å krysse ein blå fjord, den djupaste i heile landet. Glede over å kunne høyre til både her og der, å kunne køyre mellom desse større og mindre stadane, og ikkje minst kome fram same om ein køyrer nordover eller sørover. Kanskje er det reisa som er sjølve kjensla av å kome heim? La landskapsformene flyte gjennom hovudet og få tankane lettare på gli…

Og kven som ventar der heime denne gongen skal eg snart skrive meir om, men no legg ferja til og eg er den første til å køyre av!