Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

7. aug. 2007

Det er på tide...

...å skrive noko nytt, om alt ein har tatt inn i løpet av ein sommar, rasande rundt i ein lettare gammal bil med torader i bagasjerommet. Må innrømme at eg ikkje har merka at sommaren har vore regnfull og nesten utan sol. Likevel må eg dra ut det som følgjer med årstida vi kallar sommar litt til, og det synest eg du òg bør gjere, ta deg ein øl på verandaen sjølv om det regnar, sette på litt god musikk, strekke på beina og kjenne på at du burde gått litt fleire turar i det siste, men skitt au, hausten og alle pliktene som då ofte følgjer med er ikkje her heilt enno...!

Kos deg så lenge;-)