Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

8. juni 2007

Sommarflørt!

Koss kan ein berre få til å kline utan å signalisere at ein vil noko meir? Altså, koss kan ein berre ha ein sommarflørt utan å skape desse vanskelege tankane om forhold og framtid og ungar og bryllup og heile den der pakka!?!?! Litt meir enn berre ein kveld i fylla – kanskje eit par turar på stranda, ligge i sanden og sjå på stjernene, eller hoppe i iskaldt hav? Eller berre ta ein kaffi, snakke om store spørsmål eller små kvardagslege ting, lufte tankar og idear, utan tvangstankar om at Shit! no må vi sitte her og drikke kaffi resten av livet!

For korleis kan ein få ein fyr ut på ein uskuldig kaffidate utan at ein får tilbakemelding om at vedkomande ikkje er heilt klar for eit nytt forhold akkurat no? Korleis ta steget frå tilfeldig(?) klining éin kveld til litt meir, litt meir klining, utan at ein nødvendigvis må gifte seg, eller iallfall finne ut kven som skal stå opp for å ta ungane denne helga? Dei fleste av samfunnets konvensjonar i dag tilseier vel framleis at det ikkje er noko godt triks å berre troppe opp på døra hans, hoppe opp og ned på ei uetablert dørmatte og skrike ut at ”hallo!!! Eg vil jo berre kline litt! Har ikkje tenkt å gifte meg enno – iallfall ikkje med deg, bli med ut og leike då vel!”.

Ja, vere lettliva, overflatisk, le og fnise mykje, sei at klining er gøy, unngå alvorlege tema som at ein blir eldre og kva skal skje i framtida og kva tapet ein vil skifte til i stua, eller om ein skal bytte flisene på badet, det er nok ikkje det dummaste å følgje slike spelereglar. Men kva om ein rett og slett er fødd utan evne til ein slik fnisete, useriøs latter til bruk i mindre seriøse samanhengar der ein gjerne vil framstå som eit perfekt klineemne, kva då? Og kor lenge er det uansett mogleg å halde ein samtale der ein berre konverserer uanfekta om ver, vind og andre daglegdagse samtaleemne? På eit stadium passar det å kline litt, heller. Eller?

For korleis kan ein uansett vite korleis det går til slutt likevel! Kvifor ha denne angsten for å framstå som noko ein ikkje er heilt sikker på at ein vil framstå som, kvifor late som om ein ikkje er interessert fordi ein ikkje vil skape forventningar hos den andre! Kanskje vel ein berre for ein kveld – kanskje vel ein for resten av livet – kanskje berre 15 år, eller tre – kanskje får ein tre ungar og så finn ein nokon annan som er betre å dele resten av livet med rett etter, eller kanskje han finn ei anna – kanskje dør han rett før jul, ein kan jo aldri vite for kor lenge ein vel det, eller kva, ein begir seg innpå – så kvifor gjere livet så komplisert og fullt av etableringsangst!!!


…Men det kan jo berre vere han ikkje er interessert i noko som helst, det kan jo berre vere det…