Eg likar å framstille meg som ei ekte Vestlandsjente. Mest fordi eg likar Vestlandet, såklart, men også fordi eg ikkje føler eg er frå ein bestemt liten stad , men heller fleire; at eg kjenner meg heime både her og der langs denne våte kysten vår.
Å reise langs Vestlandet kan derimot til tider vere ei prøve - det er ferjer og bussar og båtar og venting og regn og vind og eg veit ikkje kva, og aldri kjem ein fram tidsnok, iallfall ikkje dersom ein ikkje skal ta fly - og det skal jo litt til i desse klimatider - og heller ikkje har ein bil som kan kjøre særleg langt i strekk. Og dersom ein ikkje er godt utstyrt kan livet verke hardt på enkelte vestlandsreiser. I dag er det derimot berre fint. I dag har eg med ein heil liter presskannekaffi på termos, til og med iblanda oppvarma mjølk. For i dag stod eg så tidleg opp at eg rakk å gjere både det eine og andre før eg gjekk til busstasjonen, eg trengte ikkje ein gong å springe den siste biten for å rekke bussen heller. Og eg er heilt, heilt sikker på at eg skrudde av kokeplata før eg gjekk.
Ja for i dag kunne eg altså rusle til bussen, med ein påskesekk full av appelsiner, heimelaga saft, kaffi, sjokolade, pc til å skrive på, bok til å lese i - og i løpet av reisa er eg blitt i så godt humør at eg er ikkje eingong lei meg for at det ikkje blir nokon skitur denne påska. Eg får til og med publisert denne vesle teksten om vestlandsreiser og presskannekaffi på ein av ferjeturane - ferje med internett!!
Andre dagar kunne ein vel ha funne både sarkasme og ironi bak orda mine, men i dag er ein slik dag som er berre heil sann og slik som den er. Og dersom du søker på internett for å finne meininga med presskannekaffi, så må jo akkurat denne dagen kome fram som eitt av dei betre argumenta - kom ta deg ein kopp og hald meg med selskap :-)