Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

19. feb. 2007

Fest og leven!

Etter ein relativt sorgfri og munter tur heim frå søndagsopen butikk hadde eg igår vanskeleg for å forstå at fastelavn berre inneber faste, det må jo vere noko festrelatert også! Og kva står det vel ikkje på første staden eg går inn etter å ha søkt opp ordet idag: "Fastelavn er mere end en fest. Det er en periode, hvor verden vendes på vrangen, og hvor meget af det forbudte er tilladt."

I mi nyerverva, men likevel tilsynelatande godt brukte blå jakke, vandrar eg lukkeleg gjennom verda med kremtopp i eine handa og squeezy jordbærsyltetøyspruteflaske i den andre - tenk at eg fekk med meg begge deler frå søndagsopen butikk sjølv om det kosta 51 kroner og eg berre hadde ein 50-lapp i lomma! Enkelte dagar skal ein ha flaks! Alle eg møter ser jo kva eg skal. Dei skjønar at eg allereie har baka bollar på den nye innflyttingspresangen min; ei steikepapirliknande, gummiaktig sak i silikon, der ingen bakerestar sit fast og luftige bollar sprett leikande av steikeplata og oppi flettekorg med raudruta duk oppi. Det beste er likevel at dei smiler; det er som om søndagen snakkar eit felles bollespråk der krem, syltetøy og nytrukken kaffi tyt ut overalt!


Om ein kan kalle dette ei verd på vranga er uvisst, men iallfall ein følelse av litt lukke, trass fråverande prinsar og hus som fungerer best når det ikkje regnar. Det nyaste innan feng shui må vere følgjande filosofi: Ein kan leve ganske så lenge med vatn i veggen så lenge ein har dei rette gardinene!