Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

24. jan. 2007

Det er ikkje sikkert prinsen drikk kaffi!!!

Prinsar rir for det meste på kvite hestar. I tillegg til å vere kvit, spring ein prinsehest alltid rett fram. Det er fordi prinsen alltid gir hesten klare beskjedar av typen "dit skal eg! ta meg dit med ein gong!!" Det er igjen fordi prinsar på kvite prinsehestar alltid veit kvar dei skal og kva dei vil. Dei ser ei prinsesse, som meg eller deg, og så bestemmer dei seg: "ho vil eg ha". Så kjem dei ridande inn i livet ditt og kastar deg opp på hesten sin og så rir de saman inn i vakre solnedgangar og kvite skyer av snø.

Ekte prinsar må altså ikkje først vurdere kor og kva dei eigentleg vil i månadsvis; tolke og tenke opp og ned og fram og tilbake om dei har truffe den rette. Dette er ingen ekte prins, eit tips kan vere å sjekke om hesten berre er kvitmalt. For ekte prinsar veit betre. Ekte prinsar har rett og slett ikkje tid til å sitte og drikke kaffi først.

Det med å vere ekte eller ikkje er såklart relativt. Ekte for ei - uekte for ei anna. For kvar prinsesse finst det heller ikkje for mange ekte prinsar ein kan sitte å vente på, eller springe etter. Du trur kanskje ikkje heller på at du eingong er ei ekte prinsesse, for her sit du no og ventar enno, og ingen prins har ridd forbi. Men det er klart du er ekte!!! Ikkje fortvil! Det er berre det at prinsen din, ja han er berre ikkje komt fram enno. Men han er på veg - rett mot deg. Og når han kjem, så er det ikkje nødvendigvis slik at han er høg og mørk, eller blond og slank; det kan vere han har rødt hår også. Det kjem heilt an på kven du er.

Eg vel å tru eg er ei ekte prinsesse, det er berre at min prins har ikkje kome fram enno, og at han heller ikkje skal ha rødt hår, om han først kjem. Eg hoppa ned frå gjerdet i førre post, og snudde meg håpefullt rundt: der fekk eg så vidt auge på ein skugge som snudde seg om og forsvann i mørkret. Kanskje hoppa eg for tidleg, eg veit ikkje, men Min prins var det nok ikkje. Snart er det nok Strida i Sola att, som ein dråpe i havet, med litt fisk innimellom. Først hus, så mann. Eg vel å gle meg.