Vi skriv 19 desember... Berre fem dagar igjen til jul!!!
Med skomakaren sine ord surrande i hovudet er vel fem dagar ei smal sak å sitte og vente i. Fem dagar går fort! Så vidt nok tid til dei siste kakesortane. Dei siste julegåvene. Julekorta som ikkje er skrivne enno, og juledukar som ikkje er vaska sidan i fjor. (Oi.) Visst skal ein vel klare å fylle desse dagane med nyttige gjeremål og meining. Brått ringer klokkene og julemiddagen er klar! Den som ventar på noko godt ventar sjelden forgjeves.
Eg sit og lurer på kva kaffi eg skal kjøpe inn. Eg har invitert på kaffi. Eg har berre invitert på kaffi. Melk. Sukker? Teskei, heilt sikkert. Presskannekaffi? Espressokanne? Må ikkje overfalle og skremme vekk med overstrøymande sms eller mail... Melkeskummar? Åh! Boblar så fullstendig over av eit for lengst overboblande overskot av ømheit og omsorg og lengsel etter å synke inn i noko litt større enn meg sjølv!!! Nei nei, berre kjøpe inn kaffi. Ha kaffi i skapet.
Det riv og slit i mi utolmodige sjel. For kor lenge skal ein vente? Kor lenge må ein sitte på gjerdet og vente på at nokon kjem og opnar grinda slik at ein kan gå vidare? Utolmodig sitt eg på gjerdet og dinglar med beina. Fram og tilbake. Fram og tilbake. Eg ventar på deg, du. Kjem du snart? Veit du eg ventar? Ser du meg? Vil du i det heile eg skal sitte her, ventande?
Fem dagar. Kanskje er det lenge. Om du er liten og lurer på kva som er inne i pakken er det lenge, lenge, lenge. Det næraste uendeleg ein kan kome! Om du er litt større er denne ventetida derimot overkomeleg, du trur ikkje lenger på julenissen, men det er kjekt med pakkar. Om du er endå litt større men derimot ikkje veit kor lenge du skal vente og heller ikkje kva som er inne i pakken, eller om det i det heile finst ein pakke, treng ikkje ventetida vere overkomeleg i det heile. Iallfall ikkje for utolmodige sjeler.
...umerkeleg hoppar eg ned frå gjerdet, opnar grinda på gløtt, og famlar nølande bortover vegen. Det er visst skyming på den andre sida, og berre ein kjerresti også. Med fare for å snuble snur eg meg - - -
- den som ventar på noko godt - - -