Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

1. sep. 2006

Ikkje svar...

Jaha.

Alternativa er fleire..:


  1. Han har ikkje fått mailen for det var feil adresse
  2. Nokon andre har fått mailen og ler rått
  3. Han har ikkje fått mailen for den vart stoppa i spam'en
  4. Han har fått mailen men forstår ikkje nynorsk
  5. Han har fått mailen men hugsar ikkje kven ho var
  6. Han har fått mailen og hugsar kven ho var men syns ho var heilt teit
  7. Han har fått mailen, hugsar ikkje kven ho var men tek det som eit kompliment
  8. Han har fått mailen, hugsar kven ho var men tør ikkje svare
  9. Han har fått mailen, hugsar kven ho var, har lyst til å svare, men kjem ikkje på noko glupt
  10. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, men kjem framleis ikkje på noko glupt
  11. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, men blir skremt av damer som er så frampå og må vente litt før han svarar
  12. Han har fått mailen, vart superglad fordi han hugsar kven ho var og syns ho var kjempekjekk, så han svarer med ein gong, men fordi ho ikkje har lagra adressa hans på jobb kjem mailen hans i spammailen hennar, ånei!!
Eller var det omvendt? Iallfall ikkje like enkelt som:
  • Han har fått mailen, vart superglad og svarer med ein gong der han spør når dei kan møtast neste gong