Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

24. aug. 2006

Gode møte I

Av og til er ein er så skitheldig at ein treff ei av sine fleire tvillingsjeler, som med si enkle tilstadevering og sine gode smil sjarmerer ein stakkars vestlending berre så fullstendig i senk at alle spor etter fiaskoar i kjølvatnet av ei singel sjel fell som svake blyantstrek for eit enkelt viskelær.

Eg er i det personlege men overstadiske lunet idag, her eg sitt på Gardermoen og ventar på eit fly som brukar lenger og lenger tid over til austlandet, som aldri ser ut til å lande nokon gong og som gjer tankane om tvillingsjela større og vakrare for kvart minutt som stryk forbi. Etter ein smule fornuftig resonnering kjem eg raskt fram til at våre korte møte i kaffipausar i løpet av nokre intense kursdagar kvalifiserer for eit framtidig forhold på lik linje med ein fest med bra mykje alkohol innabords etterfølgt av sporadisk men intens klining på kjøkenet, igjen etterfølgt av ein morgon der ein trass alt vaknar aleine i si eiga seng og lurer på om det skjedde noko i det heile, eigentleg.

Ca 43% av alle parforhold startar på denne måten. I fylla. Stort sett har ein då ikkje blitt meir kjent enn at ein syns det var skikkeleg bra å kline litt att, likevel ser denne måten å bli kjent på ut som ein av dei meir vellukka måtane reint statistisk sett. Utgangspunktet er lettare å følgje opp; om det var bra å kline, så var det bra å kline, ein konklusjon som lett medfører ønske om meir klining, ergo tek ein vidare kontakt med den andre, gjerne på ein ny fest, og dermed er saka ofte i boks.

Eg er usikker på kor mange forhold som startar med kaffidrikking på kurs og konferansar. Erfaring tilseier at eit slikt inntak ofte glir over i øl og raudvin om kvelden, betraktande blikk over festmiddagsbordet, kanskje dansing og eventuelt meir drikking, før den eine tilsynelatande lettsinna bestemmer seg for om ein drit i alt ein har heime og har seg eit konferanseligg, eller den eine klarer stå i mot og stoppar når den andre blir litt for nærgåande til "Lady in Red", og den andre blir fornærma, såra og skuffa over at den eine faktisk er i ein familiær situasjon. Eller omvendt.

Men kva når det stoppar med kaffidrikking?? Kva er sjansane då? Kva sjansar?

Eg må sove litt på dette, no kjem flyet, snart er all kaffifilosofi med eitt så langt vekke...

11. aug. 2006

Sommarminne

Dei gode stundene der ein tenkjer at dette er ei av dei gode stundene, no må eg berre vere her og kjenne litt på stunda, at den er god, at eg er her, at eg verkeleg kjenner at det er ei god stund. Gjerne puste litt sakte, roleg, tungt men stille inn av nattleg og julikald kveldsluft fyllt av midnattsollys og klåre konturar av fjelltoppar ein snart må springe opp på, før det er for seint og ein sluttar med springing for det tilhøyrer ei anna tid.