Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

22. mai 2006

Bergensnostalgi

Ei leilegheit - eit liv - slik eg ser det den einaste utvegen til å knekke nakken på gamle fiskar fullstendig, rett og slett starten på nye ting, det er von i hengande snøre osb... Pitte bitte lita, men heilt i sentrum, med skråtak, nesten som i Vetrliden, der ein i si tid kunne henge ut skråtakvindua på utkikk etter noko å slarve om frå gatelivet, eller rekne ut perfekt tidspunkt for å rusle nedover til zachariasbryggen for å ete prince-is. Materialismen krev sitt, men ein skal ikkje kimse av denne delen av livet heller; om ein ikkje vert heilt lukkeleg av eit lite bo, so kan da iallfall fungere som god grobotn!

I dag klarte eg nesten å kjøpe ho, leilegheita. Neste gong, heilt sikkert. Snart, snart skal eg og Stavanger bli eitt. I mellomtida syg eg ut dei siste pengane av kontoen (jau då, eg har ført over pengar til husleiga i juni) og reiser ein tur til Bergen i staden!

12. mai 2006

Spring ut og inn i naturen!

"The real voyage of discovery consists not in seeking new landscapes, but in having new eyes."

Marces Proust

5. mai 2006

SOL!!!

No er da berre HEILT FANTASTISK ute! Eg skulle ønske eg hadde ein sykkel og kunne sykle gjennom så masse av våren som muleg! Men eg kunne vel ikkje vite at nokon skulle stikke av med den kjære sykkelen min rett etter eg hadde brukt alle oppsparte midlar på denne pc'en! (eh.. iallfall kreditten på mastercardet...)

Det funkar litt å springe gjennom våren også - dei fleste kan springe, iallfall litt..