Reiser og draumar i regn eller sol, nye støvlar eller gamle tresko. Velkomen til Strida sin virtuelle vegg, Stridaventilen.

24. apr. 2006

Ein av fiskane



Her
er ein av fiskane i havet.
Han fall for stingsilda, og smaka godt:-)
...men det er mindre bein i palen...

22. apr. 2006

Melanie C (og litt om U2)

Eg har prøvd å slette da om Melanie i førre innlegg, men mistar nettilgongen kvar gong! Så får det berre stå då!


Mesteparten av livet mitt har eg hørt på U2. Vi er nokre få som har vakse opp på den staden der ingen skulle tru at det gjekk an å bu - men med U2 so gjekk det an likevel.

21. apr. 2006

Blogglegging

Dei seier sjefen din kan lese bloggen din på nettet og bruke da mot deg i enkelte situasjonar. Dette er uansett ikkje ein blog om jobb. Iallfall ikkje om den jobben eg får betaling for. Dette er ein blog om alle dei innestengde følelsane som sjeldan ser dagslys, men som likevel ikkje er meir pikante enn som trengst.

Til dømes at eg nett no høyrer på Melanie C.

Småvakkert

Har nett kjøpt meg pc.

Eg har ikkje meir på hjarte enn dei fleste andre, og ikkje andre ord å uttrykke da med heller. Men eg kjem iallfall frå ein småvakker stad. Ein treng ikkje vere tyl av den grunn. Og no veit du allereie at eg likar Tyl, der inne i frå Sogn ein stad. Med dei høge fjella og den djupe fjorden.

Og Strida's blogg kunne eg faktisk ikkje unngå. Men i'endingar vil eg helst vere forutan. Derfor gjorde eg meg ferdig med dei øvst her oppe.